top of page

Røldalspelet

Haldis er 17 år då bestemora Rakel døyr. Mora Solvår døydde då Haldis blei født. Sjølv blei ho fødd med ei funksjonshemming. 
Men sjølv om ho har vanskar med å ta seg fram, har Haldis eit lyst sinn og fryder seg over livet.

Faren Isak er derimot bitter over at kona er død, og han legg skulda for dette på Gud og dottera Haldis.

Haldis elskar far sin. 

Ho bestemmer seg for å gå til Røldal med pilegrimane som kvart år vandrar til Røldal for å oppnå helbredelse ved å tørke svette frå det heilage krusifikset i Røldal kyrkje. 

Vandringane starta på 1200-talet. I handlinga er vi i år 1835, det året Prost Løberg vitjar bygda og stenger kyrkja.

Musikalen Den Lange Vegen tek for seg kva som kan skje på ei slik reise.  For Isak går etter dottera si. I sinne. Men undervegs mot Røldal må han møte sitt eige sinne - i eit møte med djevelen. 

Musikken og historia til musikalen Den Lange Vegen er i all hovudsak skrevet av Gunn Gravdal Elton. To av songane er skrevet av Gunn Gravdal Elton og Torbjørn Økland, og nokre musikalske innspel er komponert av Nils Økland og Halvor Lillesund. 

Musikken er bearbeida, miksa og arrangert av Kjetil Ulland, Torbjørn Økland, Halvor Lillesund, Nils Økland, Kim Christer Hylland og Kjetil Olai Lundø. 

Manus er bearbeida av regissør Martine Tufvesson Lundberg og dramaturg Kjersti Gulliksrud.

bottom of page